Politikken

Partiprogram 2023-2027

Kjære velgjar!

Det er eit stort privilegium å få lov til å væra ordførar og lokalpolitiker i ei bygd med så mange engasjerte innbyggjarar, næringsaktørar og frivillige. Dei siste åra har det vore særleg spennande for meg som ordførar å ha tett dialog med kommunens tilflyttarar, anten de har røter her i Gol eller ikkje. Slik får me som lokalpolitikarar sett bygda vår både innanfrå og utanfrå. Med eit breitt lag tå kandidatar med ulik alder, bakgrunn og erfaring, så er Gol Arbeiderparti godt rusta til valet og klarar nok eingong å væra representative for det lokalsamfunnet me skal spegle. Med to øyrer og ein munn tek me på uss oppgåva med å gjera kloke val til det beste for innbyggjarane. Førre kommuneval var eit historisk godt val for Gol Arbeiderparti og i denne politiske perioda har me fått til mykji. Me håpar framleis på tillit frå dikko til å gjera Gol til ein endå betre plass å bu og leva i! 

Godt val!