Folkehelse og livskvalitet
Partiprogram 2023-2027
Aktivitet er viktig, utan omsyn til alder. Me vil fortsette med å utvikle sentrumsområdet med lågterskeltilbod for alle. Me vil sikre at det er framkomeleg for alle, gjennom universell utforming og gode kvileplassar. Gode arenaer i frivillig og kommunal regi er viktig og bidreg til målet om å gjere Gol til ein aktiv og inkluderande kommune. Me skal og ha eit forsvarleg og godt helsetilbod, der alle kjenner seg trygge og ivaretekne. Me vil støtte gode initiativ til nytenking, for å møte dagens og morgondagens utfordringar.
Me vil:
• Etablere ein lokal ressursbase med fast tilsette, for å redusere vikarbruken og styrke rekrutteringa
• Styrke kjøkkenet på Helsetunet og utvide tilbodet
• Arbeide for å etablere ein legevaktsentral på Gol
• Samarbeide med Ungdomsrådet og andre lokale aktørar for å utvikle arenaer for uorganisert aktivitet
• Styrke behandlingstilbodet innan psykisk helse for barn og unge.