Klima, miljø og naturforvaltning
Partiprogram 2023-2027

Me ønsker at vår kommune skal vere ein god klima- og miljøambassadør som set eit eksempel for andre. Me vil fortsette å arbeide for planar og vedtak som tek vare på miljøet i heile kommunen. Me vil ta vare på friluftsområder, og omsynet til bevaring av natur og miljø skal vege tungt.
Me vil:
• Prioritere hyttebygging i områder rundt eksisterande tenester og infrastruktur, fortrinnsvis i form av fortetting
• Fornuftig forvaltning av eksisterande tomtereserve og oppdatering av gamle planer
• Ta omsyn til klima og miljø ved innkjøp, investeringar og nybygging.