Oppvekst, kunnskap og kompetanse

Partiprogram 2023-2027

Budskap

Det skal vere godt å vekse opp i Gol, skulane skal gje god opplæring, vere trygge og inkluderande. Me vil difor halde fram med å støtte haldningsskapande arbeid i skula. Me vil og vere ei attraktiv kommune for alle som ønskjer å etablere seg her. Tilgang på utdanning er viktig, difor arbeider me med å få på plass eit universitetstilbod på Gol.

Me vil:

• Fortsette å prioritere eit godt barnehagetilbod, med opptak av nye barn heile året og syskenmoderasjon

• Utvide barnehagekapasiteten i kommunen 

• Styrke laget rundt elevane våre, med fleire miljøarbeidarar og andre faggrupper i grunnskulen, for å skape ein meir inkluderande og trygg skolekvardag for alle

• Arbeide for at Gol vidaregåande skule består som eit godt alternativ for ungdom i Hallingdal

• Realisere og utvikle Campus Hallingdal som ein fullverdig studiestad