Kultur, idrett og frivillig innsats
Partiprogram 2023-2027

Det er viktig å kunne treffe andre på tvers av alder, kultur og livssituasjon. Gode, uformelle møteplassar er ei god motgift mot einsemd og utanforskap. Me ønsker å legge til rette for at barn og unge får ein god kulturell bagasje. Kulturskulen er ein god bidragsytar her og me støttar alternative undervisningsformer og varierte kurs.
Me vil:
• Etablere eit kultursenter knytt til biblioteket, som kan innehalde møteplassar som kino, ungdomsklubb og scene
• Oppretthalde lånegarantien for lokale lag og organisasjonar, slik at de får høve til å etablere nye anlegg og arenaer for aktivitet
• Vere drivarar for eit regionalt samarbeid om utviding av svømmehallen, med eit 50-meters basseng og eit basseng med varmt vatn.