Yngve Skaret Elbjør - Gol AP sin 14.kandidat!

Yngve Skaret Elbjør - Gol AP sin 14.kandidat!
Gol Arbeiderparti sin 14.kandidat er Yngve Skaret Elbjør!
Yngve er 43 år og bur på Øygardane. Der jobbar Yngve som bonde og i tillegg er han maskinførar. Han er vakse opp i Herad men tok over slektsgarden på Øygardane i år 2000.
Yngve har litt politisk erfaring og det er andre gongen han stiller på liste for Gol Arbeiderparti ved kommunevalet.
Yngve ynskjer at Arbeiderpartiet skal fortsetta som kommunens største parti og viktigast for han er å oppretthalde landbruket i heile kommunen. Dei små bruka er like viktige som dei store og difor meinar Yngve at me må ha ein variert bruksstruktur. Norsk kvalitetsmat med minimal bruk av antibiotika og god dyrevelferd er bøndenes men også Norges viktigaste fortrinn. Norge treng bonden.
I tillegg er han opptatt av at det skal væra godt og trygt å bu på Gol både for unge, vaksne og eldre. Spesielt viktig er ein god start for dei yngre. Det er viktig å ha litt ekstra drahjelp i starten. Tilslutt meinar Yngve at Gol må ha med seg alle i samtlege grender for å få Gol til å bli den flottaste plassen å vekse opp i.
Som rettesnor i politikken har Yngve verdien rettferdighet, likheit for alle.
Me i Gol Arbeiderparti er stolte over å presentere vår 14.kandidat til haustens kommuneval!