Trond A. Johansen - Gol AP sin 12.kandidat!

Trond A. Johansen - Gol AP sin 12.kandidat!
Gol Arbeiderparti sin 12. kandidat er Trond Arne Johansen!
Trond er 51 år og busett i Golreppen. Han er innflyttar å kjem opprinneleg frå Jessheim/Ullensaker. Ein liten mellomstasjon hadde han i Oslo før han kom til Gol, og han flyttar aldri meir for han meinar at Gol er plassen på jord.
Trond er dagleg leiar på Gol Frivilligsentral men jobbar også i ei delstilling som klubbleiar på Gol ungdomsklubb. I tillegg jobbar han på oppdrag for Kriminalomsorgen og er verge.
Trond sin politiske erfaring strekkjer seg frå tenåra som medlem av AUF på Jessheim. Hans politiske interesse har vore i han i nærmast alle åra sidan. Men det er først no han stiller på liste, for fyrste gong.
Trond sine hjertesakar er fyrst og fremst arbeidet med dei «svake» i samfunnet, barn og ungdom, eldre og menneskjer med nedsett funksjonsevne. Som dagleg leiar i Frivillihsentralen står frivilligheit hans hjerte nært i tillegg til friluft og aktivitet. Hans viktigaste mål i politikken er å skapa fleire arbeidsplassar for arbeid til alle er jobb nr.1. Han ynskjer eit mangfald innan kultur og vil skapa fleire sosiale møteplassar.
Den viktigaste verdien for Trond er rettferdigheit, likheit for alle.
Me i Gol Arbeiderparti er stolte over å presentere vår 12.kandidat til haustens kommuneval!