Trine Korsbøen - Gol AP sin 11.kandidat!

t

Trine Korsbøen - Gol AP sin 11.kandidat!

Gol Arbeiderparti sin 11. kandidat er Trine Korsbøen! 

Trine er 32 år og bur i Robølevegen i Gol sentrum. Trine er innflyttar og er opprinneleg frå Langhun i Ski kommune.

Trine jobbar i natt-tenesta i Nes kommune og er ferdig utdanna helsefagarbeidar.

Ho har inga politisk erfaring og det er hennas fyrste gong på liste i eit kommuneval. 

Trine sine hjertesakar er ein verdig eldreomsorg der ein sikrar kvalitet i den pleien som blir gjeve. I tillegg er ho oppteken av eit godt miljø og gode oppvekstvillkår for born og unge.

Trine nyttar verdiane solidaritet og likeverd som si rettesnor i sitt politiske arbeid. 

Me i Gol Arbeiderparti er stolte over å presentere vår 11.kandidat til haustens kommuneval!