Torhild Barlaug - Gol AP sin 25.kandidat!

t

Torhild Barlaug - Gol AP sin 25.kandidat!

Gol Arbeiderparti sin 25. kandidat er Torhild Barlaug!

Torhild er 54 år og bur i Vesterhuset. Ho er opprinneleg frå Rælingen i Akershus, altså eit anna fylke, men som snart blir ein del av det same fylket. Til tross for sine år i Rælingen har Torhild budd i Gol i heile 25 år og anser seg sjølv i høgste grad som goling. 

Torhild er lektor, og arbeidar som idrettsfaglærer på Gol vidaregåande skule. I tillegg til dette driv ho også enkeltpersonforetaket Mrs Burpees som tilbyr fysisk trening spesielt retta mot kvinner. 

Ho har litt politisk erfaring då ho stilte på liste for 15-20 år sidan for SV. 

Hennas hjertesakar er fyrst og fremst folkehelse i alle aldersgrupper. Ho meiner at folkehelse gjennom fysisk aktivitet fungera godt i eit førebyggjande perspektiv både som middel og medisin. Torhild er også opptatt av barn og unge og meinar vår viktigaste oppgåve er å fremme trivsel, gje tilgang på betre utdanning, sørgje for eit allsidig fritidstilbod og skapa ei tru på framtida for dei unge. Ho ynskjer spesielt at ungdom skal ha eit breitt idrettstilbod, ikkje berre konkurranseidrett, men også møtepunkt der dei kan drive med fysisk aktivitet som korkje omfattar konkurranse, bruk av eige og dyrt utstyr, spesialisering eller spesielle ferdigheiter. 

For Torhild er det eit mål om å få til ei betre skule for alle og ho ,meinar at det no trengs eit ekstra fokus på gutanes læring! Meir fysisk aktivitet og kroppsøving i skulen i tillegg til meir praktisk tilnærming til faga i grunnskulen er ein del av løysinga. Ho meinar også at det trengs eit enda større fokus på læring og elevmedverknad i den videregåande skulen. 

Torhild brenn for ei betre fordeling av godene. Ho meinar at me i solidaritet skal dele med andre menneskjer – anten det er kunnskap, kompetanse eller økonomiske ressursar. 

Difor er toleranse, inkludering og solidaritet hennes viktigaste ledestjerne i politikken. 

Me i Gol Arbeiderparti er stolte over å presentere vår 25.kandidat til haustens kommuneval!