Politisk realisme og heilskap i valkamp

original_1478641501_9708233

  • Lesarinnlegg Hallingdølen 8. september 2015 v/ordførarkandidat Heidi Granli. 

Enkeltsaker vert trekt fram som gulrøter, det er berre å bite på. Det er slik ein får skapt distanse mellom dei politiske partia. Skilnader og forskjellar. Det har kome telefonar frå media som ynskjer å veta kva sak som er vår hjartesak, kva sak som er viktigast for vårt parti. Det er eit godt, men vanskeleg spørsmål.

Mitt inntrykk er at alle politiske parti i Gol ynskjer alt godt for bygda vår, og at bygda skal bli endå betre. Det er vegen me skal gå og prioriteringane som må takast for å kome dit som avdekker våre politiske forskjellar.

I det store og heile er kommuneøkonomien i Gol, som i så mange andre kommunar, på den måten at me som politikarar har måtta skjæra ned og prioritere vekk tiltak dei siste åra. Det er derfor vanskeleg å tygge den gulrota som du no har fått i handa. Valflesk og vallovnader har oftast ein bitter ettersmak.

I Gol Ap sitt valprogram, som er gjennomarbeidd og forma ut spesielt med tanke på vår økonomiske situasjon i kommunen, har me tatt høgde for dette. Me har vore med å vedtatt ny skule, og viss me skal klare våre budsjett, ja, då må me vera ansvarlege og tydelege på kva som skal til. Eit slikt ansvarleg budsjett vil Gol Ap stemme for.

Men det finnast mange vegar til Rom, derfor ynskjer me å spele på lag med viktige ressursar i lokalsamfunnet. Samarbeid dei frivillige kreftene, næringslivet, regionen, fylkeskommunen, staten og andre myndigheiter blir uhyre viktig for Gol framover. Me vil skaffe oss eit breiare nettverk og legge trykk på dei rette sakene framover.