Norsk vannkraft på Landsmøtet!

Kraftordningane er under press - bygg vidare på samfunnskontrakten!

Under landsmøtet til Arbeiderpartiet har ordførarkandidaten vår deltatt i fremleggelsen av Distriktsutvalgets manifest! Ho har sitti i utvalget det siste året og hatt spesielt fokus på norsk fornybar kraft og energi og reiseliv, for å nemne noko. Her er hennar tale til Landsmøte: 

Landsmøte; det er slik at i dei siste åra har dei særnorske kraftordningane vøre under eit aukande press frå regjeringa. Små justeringar har fått store konsekvensar for både kraftbransjen, staten og vertskommunane. I dessa dagar har regjeringa sett ned eit kraftutval som skal gå gjennom ordningane og her er ikkji vertskommunane representert i det heile tatt! Det betyr at det er kraftbransjen og økonomane som legg føringane - åleine. 

Norsk fornybar kraft er eit gødt eksempel på fordelingspolitikk. Den 100 år gamle samfunnskontrakten der vertskommunane vart gitt rett til ein del av kraft og verdiskapninga når dei avga sine naturressursar til fellesskapet står no i fare. 

Distriktsutvalet meiner at kommunane treng rettferdige og forutsigbare ordningar og at staten skal ta ei større rolle i utbygginga av nye nett og eksisterande nett.

Og sist men ikkje minst ; utjevning av nettleia. For det er ikkji rettferdig at Jostein som bur 1 km frå vasskraftverket i Øvre Årdal skal betale meir for forsyningssikkerheit og tilgjengelegheit enn Hilde i Oslo som bur 300 km unda. 

Og til slutt; norsk fornybar kraft og energi skal framleis væra eit norskt fortrinn for norske bedrifter og bidra til å skapa ny norsk industri!