Mona Therese Kvinnegard - Gol AP sin 19.kandidat!

Gol Arbeiderparti sin 19.kandidat er Mona Therese Kvinnegard!Mona er 51 år og bur på Tuppeskogen. Ho har budd i Gol i 27 år men er opprinneleg frå nabokommunen Ål. Mona er avdelingsleiar i NAV Hallingdal og har tidlegare jobba i Aetat. Mona har inga politisk erfaring men stiller no for fyrste gong på liste for Gol Arbeiderparti ved eit kommuneval. Ho er nysgjerrig og åpen for nye utfordringar og difor passar det godt å starte med å stå på liste. Mona sine hjartesakar er gode oppvekstvilkår for born og unge i kommuna vår med like moglegheiter for alle. Ho meinar det er viktig med eit ekstra fokus på nok ressursar til dei som treng ekstra oppfylgjing og tilrettelegging i skulen. Mona jobbar med arbeidsinkludering til vanleg og ser kor viktig det er å hjelpe så tidleg som mogleg for å hindre at ungdommen fell ut av skule eller anna utdanningsløp. Desse slit med å lykkast seinare i arbeidslivet om dei ikkje får hjelp. Mona sine grunnverdiar er likeverd og inkludering. Me i Gol Arbeiderparti er stolte over å presentere vår 19.kandidat til haustens kommuneval!