Martha Nistad - Gol AP sin 5.kandidat

Martha Nistad, Gol AP sin 5.kandidat
Martha Nistad - Gol AP sin 5.kandidat
Gol Arbeiderparti sin 5. kandidat er Martha Nistad. Ho er 52 år og bur i Vesterhuset i Gol. Her har ho budd lenge men opprinneleg kjem Martha ifrå Dale i Sunnfjord.
Martha er utdanna kokk og adjunkt og ho jobbar på Gol vidaregåande skule som faglærar på restaurant og matfag.
Martha stiller på liste for andre gong, og sit i denne perioda i kommunestyre men og som nestleiar i Utval for kultur og levekår. I tillegg er Martha kommunestyret sin representant som møter fast i Gol ungdomsråd sine møter.
Martha sin hjertesak er ein god start i livet for barn og ungdom. I tillegg er eit aktivt tilbod til alle aldersgrupper, tufta på gode samarbeid mellom lag/organisasjonar og kommuna ei viktig sak men og ei god metode å jobbe etter.
For Martha er eit inkluderande samfunn for ALLE ei god rettesnor for hennas retning i politikken, og verdien solidaritet er hennes rotfeste.
Me i Gol Arbeiderparti er stolte over å presentere vår 5.kandidat til haustens kommuneval!