Karianne Østro - Gol AP sin 7.kandidat

k

Karianne Østro - Gol AP sin 7.kandidat

Gol Arbeiderparti sin 7. kandidat er Karianne Østro. 

Ho er 46 år og bur i Herad, der alle vil væra!  

Karianne jobbar som rettleiar i NAV på kommunehuset der ho likar seg godt. 

Karianne stiller på liste for fyrste gong og har eit brennande engasjement spesielt for barn og unge. 

Karianne sine hjertesakar er farga av hennas erfaringar. Eit mangfaldig kulturaktivitetstilbod for barn og unge står høgt for henne. Men og i hennas jobb har ho sett kor viktig eit inkluderande arbeidsliv er for å få alle i arbeid. For det å få alle i arbeid er jobb nr. 1 for ein partikamerat. 

For Karianne er verdiane fellesskap og rettferd noko av det aller viktigaste. Det er i lag at me finn dei beste løysingane, og det meinar Karianne.  

Me i Gol Arbeiderparti er stolte over å presentere vår 7.kandidat til haustens kommuneval!