Iver Ransedokken - Gol AP sin 16.kandidat

Iver R

Iver Ransedokken - Gol AP sin 16.kandidat

Iver Ransedokken - Gol AP sin 16.kandidat

Gol Arbeiderparti sin 16. kandidat er Iver Ransedokken. 

Han er 25 år og bur i Gol sentrum, men lengtar heim til Åsgardane. 

Iver jobbar som landbrukskonsulent i kommunen og er odelsgut heime hjå sin far. Av utdanning har Iver bachelor i landbruksteknikk frå Høgskula i Hedmark.

Iver stiller på liste for fyrste gong og har kanskje slik sett ikkje så mykje erfaring men det tek han att i engasjement!

Iver sine hjertesakar er fyrst og fremst landbruk og distriktspolitikk. Iver har sjølv sett kor viktig landbruket er for mange politikkområder, også i distriktspolitisk samanheng. I tillegg ser han lokalt kor viktig landbruket er for å skapa levande bygder. 

For Iver er verdien rettferdigheit den viktigaste, og det er difor han lett lar seg engasjere med dagens aukande forskjellar.  

Me i Gol Arbeiderparti er stolte over å presentere vår 16.kandidat til haustens kommuneval!