Gisle Skoglund - Gol AP sin 4.kandidat

Gisle Skoglund - Gol AP sin 4.kandidat
Gol Arbeiderparti sin 4. kandidat er Gisle Skoglund!
Han er 49 år og bur oppe på Skaga. Gisle kjem opprinneleg frå Bjørkedalen i Porsgrunn men har funne seg godt til rette i Gol.
På Skaga jobbar han som rektor for folkehøgskulen og jobbar mest av alt med og for unge vaksne.
Gisle har litt erfaring frå politisk arbeid og har vore aktivt medlem i Gol Arbeiderparti sidan 2014. Det er andre gong han stiller på liste for partiet.
Gisle sin hjertesak er å bidra til at barn og unge skal få like moglegheiter i livet, uavhengig av foreldras bakgrunn og økonomi. Gisle veit at ungdommen er framtida, og med engasjement, kunnskap og kompetanse kan ein utvikle eit mangfaldig lokalsamfunn der det skal væra godt å bu, lære, jobbe og eldast.
Gisle identifiserar seg generelt med Arbeiderpartiet sine grunnverdiear; Solidaritet, likhet og frihet. Og viktigast er tanken om at alle skal gis like moglegheiter og verdsettast ut frå sine forutsetningar.
Me i Gol Arbeiderparti er stolte over å presentere vår 4.kandidat til haustens kommuneval!