Ellen Reime Vevik - Gol AP sin 9.kandidat!

e

Ellen Reime Vevik - Gol AP sin 9.kandidat!

Gol Arbeiderparti sin 9.kandidat er Ellen Reime Vevik!

Ellen er 39 år og bur i  Gol sentrum. Opprinneleg er Ellen frå Vestlandet og flytta fyrst til Geilo som 6 åring før ho flytta til Gol når ho byrja på gymnaset.

Ellen jobbar i miljøterapitenesta i Gol kommune og er stolt utdanna vernepleiar. 

Ellen har litt erfaring i politisk arbeid men det er fyrst no ho stiller på liste til eit kommuneval. 

Ellen sitt hjarte bankar for dei «svake» i samfunnet. Spesielt dei som fell utanfor systemet av forskjellige grunnar som rus, psykiatri eller lite nettverk grunna situasjonen som flyktning eller asylsøkjar. Ellen meinar alle fortenar å ha ein meningsfull, aktiv, trygg og inkluderende kvardag. Ellers har Ellen tru på tverrfaglegheit innan både skule, fysisk og psykisk helse og rus og ho meiner det er viktig med tidleg tilrettelegging med for eksempel miljøterapeutar inn i skulen. 

Ellen sine viktigaste grunnverdiar er rettferdigheit, inkludering og solidaritet.

Me i Gol Arbeiderparti er stolte over å presentere vår 9.kandidat til haustens kommuneval!