Christian Ihlen Brunborg - Gol AP sin 8 kandidat!

v

Christian Ihlen Brunborg - Gol AP sin 8 kandidat!

Gol Arbeiderparti sin 8. kandidat er Christian Ihlen Brunborg

Christian er 28 år og bur i Gol Sentrum. Han har budd på Gol sidan han var 3 år gammal.

Han jobbar som hotellsjef på Pers Hotell og stortrivast med det.  

Det er for fyrste gong at han stille på liste og han har ikkje så mykje politisk erfaring. Men til gjengjld har han vore interessert i politikk sidan ung alder. 

Christian sine hjertesakar er at han ynskjer at Gol skal væra ein god plass å bu, uansett alder og livssituasjon. Spesielt er Christian opptatt av Gol`s vidare utvikling for barn og unge i skulealder samtidig som han meinar at utvikling for næringslivet og kommunen som arbeidsgjevar er viktig for han. Christian er også oppteken av miljø, og ikkje berre miljøet globalt, men lokalt. Eit miljø for Gol som inneber turstigar, leikeplassar, grøne areal, badeplassar og natur generelt.    

Christian set friheit og like moglegheiter for alle veldig høgt.

Me i Gol Arbeiderparti er stolte over å presentere vår 8.kandidat til haustens kommuneval!