Camilla Larsen Hoftun - Gol AP sin 3.kandidat

c

Camilla Larsen Hoftun - Gol AP sin 3.kandidat

Gol Arbeiderparti sin 3. kandidat er Camilla Larsen Hoftun!

Camilla er 39 år og bur i Herad der ho også vekste opp. 

Ho jobbar som lærar på ungdomstrinnet på Gol Skule.

Av politisk erfaring har ho sitti som fast medlem i Utval for 

natur og næring dei siste fire åra og møtt nokre gonger som vara til kommunestyret.

Camilla sine hjertesakar er at ho ynskjer at Gol framleis skal væra ei triveleg bygd som pregast av optimisme og framtidstru, både for den enkelte innbyggjar og i næringslivet. Ho er også opptatt av at kommuna må ha ein helse- og omsorgsteneste som gir hjelp og tryggheit når me treng det, og legg til rette for at alle som bur i Gol kan leve lange, meiningsfulle og aktive liv.

Ellers brenn hjarta hennas litt ekstra for dei som er unge i Gol. Alle fortener ein god start, og ho meinar at førebygging er ei god investering for framtida. 

Som eit rettesnor for sitt engasjement er verdiane solidaritet og rettferdigheit dei viktigaste for Camilla.

Me i Gol Arbeiderparti er stolte over å presentere vår 3.kandidat til haustens kommuneval!