Bjørn Larsen - Gol AP sin 24.kandidat!

Bjørn Larsen - Gol AP sin 24.kandidat!
Gol Arbeiderparti sin 24.kandidat er Bjørn Larsen!
Bjørn er 61 år og har budd i Herad heile livet.
Bjørn er arbeidsplanleggar på jernbanen og der har han jobba i over 40 år. Som andre jernbanemenn er han trufast til den. I tillegg har Bjørn vore med i styret for Banepersonalets Forening Bergensbanen sidan 1992 og i dei siste 12 åra har han sitti der som leiar. Han har også sitti i Landsrådet i 12 år. Til og med i anna lag og organisasjonsarbeid har Bjørn brukt dei siste 40 åra godt.
Bjørn si politiske karriere starta i AUF då han var 14 år. Han har og sitti i styret for Gol Arbeideparti i over 25 år og mange av dessa åra som sekretær.
Bjørn sine hjertesaker er eldreomsorg og samferdsel. Han meinar at ein verdig eldreomsorg er noko ein må jobbe kontinuerleg med å få til. Samferdsel fører folk saman, anten om det er permanent eller om det er gjennom eit besøk eller gjennomreise. Difor er det viktig å ha infrastruktur som bind uss menneskjer saman.
Og det er rettferdigheitsprinsippet som er rotfeste for Bjørn samtidig som han etter så mange år med lag og organisasjonsarbeid også set solidaritet høgt.
Me i Gol Arbeiderparti er stolte over å presentere vår 24.kandidat til haustens kommuneval!