Arne Fredriksen - Gol AP sin 22.kandidat!

a

Arne Fredriksen - Gol AP sin 22.kandidat!

Gol Arbeiderparti sin 22. kandidat er Arne Petter Fredriksen!

Arne er 60 år og bur i Gol sentrum. Opprinneleg er Arne frå Farsund, men har budd i Gol i mange år. 

Arne arbeidar som økonomisjef i Hemsedal kommune og har tidlegare fungert som nettopp dette også i vår kommune. 

Av politisk erfaring var Arne vara til kommunestyret for SV i perioda 2003-2007. Deretter vart han medlem av kommunestyret då for AP frå 2007-2011 og var i same periode medlem av kontrollutvalget.

Arne sine hjertesakar er å ha respekt for økonomiske rammar og innanfor desse er ei god fordeling viktig. Ei anna viktig sak er utbygging av naudsynt infrastruktur. 

Arne sin viktigaste grunnverdi er solidaritet for det er i lag at me bli sterke!

Me i Gol Arbeiderparti er stolte over å presentere vår 22.kandidat til haustens kommuneval!