Fagpolitisk møte
Arrangement
11. mar, kl. 17:00 – 18:00, Kommunehuset, Gamlevegen 4, 3550 Gol
Fagpolitisk møte med Martin Kolberg og Fagforbundet
Fagpolitisk møte
Viktigheita av fagpolitisk samarbeid
Viktigheita av fagpolitisk samarbeid
Tryggheit i arbeid betyr noko for folk. Å bli behandla likt i arbeid er viktig for folk. Å ha forutsigbarheit i arbeid er essensielt for folk. Arbeiderpartiet har alltid vore tydeleg på at eit godt fagpolitisk samarbeid bidreg til eit seriøst arbeidsliv. Som kommunes største arbeidsgjevar ynskjer me i Arbeiderpartiet å inngå ei samarbeidsavtale med fagforeiningane lokalt som sikrar at deira meiningar og syn i saker som gjeld dei tilsette blir høyrt, samtidig som me ynskjer å skapa ein arena der me kan høyre kvarandre og ikkji minst løyse dei utfordringane me til stadigheit møter i arbeidslivet. Høgt sjukefråvær, ufrivillig deltid, bruk av vikartenester og dårleg arbeidsmiljø. Me ynskjer å væra tettare på for å finne gode løysingar med arbeidstakarsida, for løysingane kan ikkje vedtas, dei må gjerast. Me har trua på at me i fellesskap kan få til meir enn me får til når me står åleine. Sterkare fellesskap for felles utfordringar.
Gol Arbeideparti